Offshoretråden - Bilder, Salg og Generell Info

"North Sea Giant" skal vel på avgårde for å reparere Baltic Connector gass trunkline mellom Finland og Estonia?
 
Island Vanguard i Bergen 29.02.24
Foto: Marius Vassnes
3683800.jpg
3683799.jpg
 
Island Offshore ønsker å selge "Ocean Intervention III" i løpet av året etter at den er ferdig med chart til Oceanering i Angola for BP. Dei har visstnok fått i bud på den allerede

Oceanering - Datasheet OI3

View attachment 13257
Foto: via Oceanering

Fra Island Offshore:

EIN NY ÆRA FOR OCEAN INTERVENTION III

Island Offshore fartøyet Ocean Intervention III (OI3) går no av kontrakt etter heile 17 år for same kunde! Det er uvanleg lenge.

Bygd ved Kleven Verft i 2005 som bygg 304, vart ho døypt til Island Ranger med Dionne Chouest som gudmor. På denne tida var prosjektet eit særdeles kjærkome tilfang til det lokale verftet som opplevde vanskelege tider. Mellom familiar med solide røter i maritim industri, vart det funne ei løysing som kunne realisere prosjektet.

Etter eit års tid som supplyfartøy for Hydro vart det duka for ombygging på Myklebust Verft i 2007, og i høve kontrakt med Oceaneering vart supplybåten Island Ranger til konstruksjonsskipet Ocean Intervention III.

No venta arbeid i Mexicogolfen, der skipet mellom anna deltok i sløkking og redningsarbeid etter den fryktelege Macondo ulukka. Etter fem år gjekk turen over Atlanteren igjen til arbeid i Angola; i det som skulle vise seg å vare i tolv år. Til saman har OI3 altså jobba heile sytten år for same kunde. Det er imponerande!

- Det er alltid vemodig å selje skip, og spesielt dette skipet. På mange måtar symboliserer OI3 historia og strategien til Island Offshore. Lokalt bygd skip, som seinare vart ombygd til ein ny marknad og kunde basert på det som har blitt eit særs langsiktig og godt samarbeid, seier Tommy Walaunet, administrerande direktør i Island Offshore.

- Vi står i takksemd til alle som har hatt sitt arbeid om bord og løyst dette på ein framifrå måte. No var tida komen til å skilje lag med dette skipet, samtidig som salet gir Island Offshore moglegheiter til å finansiere vidare satsing.

OI3 er no over på nye hender, og vart overlevert nye eigarar denne veka. OI3 forblir i teneste utanfor det afrikanske kontinentet.

Som ny "Island Ranger"
Island Ranger.jpg

Som "Ocean Intervention III"
Island Intervention 02.jpg
Begge foto: via Island Offshore
 
Back
Top