Wergeland AS - Hordaland Rutepakke 4

Refvik

Administrator
Staff member
Miljøkontraktar for nye ferjesamband

Miljøkontraktar for ferjesamband i Hordaland

Hordaland fylkeskommune ved Skyss har tildelt kontrakt for nye ferjesamband i Hordaland. Det vert stilt strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, dette inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk.

– Vi er svært nøgde med miljøløysingane ein har kome fram til i de nye kontraktane, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. Dei politiske partia i Fylkestinget i Hordaland står samla bak tildelinga.
  • Kontrakt for rutepakke 4, sambandet Masfjordnes-Duesund, er tildelt Wergeland AS. Wergeland AS legg opp til fullelektrisk løysing på sambandet, med ombygging av dagens fartøy.
Rutepakke 4 vert starta opp 1. januar 2019 og har kontraktslengde på 10+1 år.

Karensperiode for tildelinga varar fram til 19. april 2017. Kontraktane vil verte signert etter at karensperioden er over.

Val av miljøløysing på det einskilde samband vil kunne medføre endringar frå dagens tilbod.

– Ved elektrisk drift kan det på einskilde samband verte behov for lengre liggetid ved kai for lading. Rutetider vil bli fastsett for kvart av sambanda i samarbeid mellom operatør og oppdragsgjevar innanfor dei rammene som låg føre i konkurransegrunnlaget, fortel direktør for Skyss, Oddmund Sylta.

Sambandet i rutepakken er:
• Masfjordnes-Duesund

Kilde: Utdrag fra Skyss
 
Back
Top