Ferja har for stor baug
Norled må droppe planen om å setje bilferja «Hamarøy» inn i sambandet Hareid-Sulesund frå førstkomande måndag.
– Ferja har rett og slett for stor baug. Det går fint å legge til på Hareid, men på Sulesund kjem baugen borti tårna med hydraulikken til køyrebrua, fortel Inge André Utåker, regionsjef for ferjer i Norled.
Norled har lånt ferja frå reiarlaget Torghatten og har tidlegare brukt den i trafikk i Hordaland.
Først då ferja kom til Sunnmøre i går, vart det oppdaga at ho ikkje kan brukast mellom Hareid og Sulesund.
Frå måndag skal C-ferja i sambandet, «Høgsfjord», på eit to veker langt, planlagt verkstadopphald.
– Vi ville setje inn ei reserveferje, for å unngå å ha berre to ferjer i sambandet, seier Utåker.
Han fortel at «Hamarøy» fredag formiddag er på veg til Volda, for å teste om ho kan brukast anten på sambandet Volda-Folkestad eller Volda-Lauvstad.
– Viss det vert klaff, set vi truleg ferja «Folkestad» inn mellom Hareid og Sulesund desse to vekene Høgsfjord er på verkstad, seier Utåker.
Kilde:
Sunnmørsposten
For stor baug: Bilferja «Hamarøy» låg fredag morgon i hamna på Hareid.
FOTO: Ole-Ottar Høgstavoll via Vikebladet Vestposten