– Det er heilt skandaløst at Fjord1 set inn ei slik gammal lørje
På ferjesambandet Lote-Anda er det lange køar grunna ei reserveferje med låg kapasitet.
– Det er rimeleg kaotiske tilstandar her no, seier Richard Schumann.
Han står i kø på Lote, og seier at berre ein liten andel av bilane som ventar fekk kome med ferja han venta på.
– Det er tre felt med kø, og køen står i tillegg eit godt stykke bakover frå ferjekaia, seier Schumann. Han er oppgitt over den lange ventetida, og meiner dette er for dårleg planlegging av Fjord1. Etter mitt skjønn er det heilt skandaløst at Fjord1 set inn ei slik gammal lørje som ikkje har god nok kapasitet på strekninga, meiner Schumann.
Årsaka til køen er at «MF Sognefjord» er sete inn som reserveferje medan «MF Årdal» er på ein planlagt service.
Reserveferja har om lag 40 personbilar i lågare kapasitet enn «MF Årdal».
Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, seier at situasjonen på ferjesambandet Lote-Anda ikkje er uvanleg.
– Det er heilt normalt at reserveferjene har noko lågare kapasitet enn hovudferjene på sambandet. Det er slik kontrakten er utforma, og då kan slike situasjonar oppstå.
Kristoffersen seier at dei som nyttar ferjetilbodet bør vere ute i god tid i ei veke framover.
– Ein bør nok rekne med å måtte stå over ei ferje. Eg vil råde folk til å planlegge å vere ute i god tid.
«MF Årdal» skal etter planen vere tilbake i drift tysdag 31. oktober.
Kilde NRK Sogn og Fjordane