Hurtigrutens fråsegn då Havila fekk sin del av kystruta var Til lukke, om dei trur at dei kan drive ruta til den prisen. Dei sit vel no og tenkjer Kva var det me sa? Men Havila må jo seiast å ha vore usedvanleg uheldige, fyrst konkursen hjå verftet i Spania, så covid19 bland verftsarbeidarane i Tyrkia og no usemje mellom verftet og underleverandørar. Likevel er det jo ein skandale at det no vil gå to år fra Havilas inntog i kystruta til at alle elleve skip som trengjest for daglege avgangar står til rådvelde. Eg synest at det Det Kgl. Samferdselsdepartement burde vere litt meire proaktive i å hjelpe Havila med å finne skip som mellombels kan avløyse dei manglande nyskipa. Det var lettare like etter den andre verdskrigen, då kunne ein setje inn litt større lokalbåtar, som hadde lugarar, i ruta – dei er alle vorte avløyste av snøggbåtar som berre går på dagtid.