Lindblad Expedition-National Geographic, Bygg nr. 312 og 316 ved Ulstein Verft, Ulstein CX 104 "National Geographic Endurance/Resolution"

Refvik

Administrator
Staff member
Ulstein Verft skal byggje polarskip for Lindblad Expeditions

Ekspedisjonsskipet er designa av Ulstein og vert det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. har signert avtale med Ulstein Verft for bygging av eit ekspedisjonsfartøy med skroglinjeforma X-BOW®. Lindblad er ein leiande aktør innan ekspedisjonscruise og reiseopplevingar utanom det vanlege.

Det nye fartøyet vil bli bygd på Ulstein Verft i Ulsteinvik, og skal leverast i første kvartal 2020. I avtalen ligg også opsjonar på ytterlegare to skip.

- Vi set pris på å bli valt som partnar for dette spennande prosjektet. Lindblad er eit nyskapande selskap og i fremste rekke innan ekspedisjonscruise. Vi ser fram til å realisere prosjektet saman med Lindblad og deira samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.

Det moderne skipet er utvikla for polare forhold, som den ultimate plattforma for ekspedisjonar der sikkerheit og komfort står i fremste rekke, saman med berekraftige løysingar for å redusere påverknaden på miljøet. Den bakoverlente baugen, X-BOW®, er Ulstein sitt designkjenneteikn, og syter for drivstoffeffektivitet samtidig som han forbetrar passasjerane sin komfort i røff sjø. Skipet har også ei svært høg isklasse for å kunne kome seg langt inn i polare strøk. Skipet har store tankar for drivstoff og drikkevatn som gjer at det kan gjennomføre lengre operasjonar i fjerntliggande område.

Integrerte stabilisatorfinnar sikrar stabiliteten undervegs, mellom anna når skipet stoppar opp for å observere dyrelivet, eller ved avstigning eller ombordstigning.

- Dette vert eit toppmoderne fartøy, og vi er veldig glade for å jobbe i lag med Ulstein og deira team av dyktige ingeniørar og designarar når vi no utvidar flåten vår. Det nye skipet blir sentralt for vår langsiktige vekst, og vil bli verdas mest ekstraordinære ekspedisjonsskip innan ei rekke område, seier Sven Lindblad, som er konsernsjef i Lindblad.

Lindblad Expeditions-National Geographic ønskjer at dei reisande skal kunne delta i utforsking av naturen. Skipet er derfor designa for å få tilgang til naturen overalt på skipet. 75 prosent av lugarane har eigne balkongar, og der er fleire observasjonsdekk både innandørs og på dekk, i tillegg til observasjons-vingar. Naturen kring skipet vil difor alltid vere tilgjengeleg. Utforsking av naturen utanfor skipet er mogleg på kort tid med eit innovativt lastesystem for rib/gummibåtar. Skipet har også eit rikt utval av mellom anna kajakkar, ski, ein fjernstyrt miniubåt, hydrofonar, eit videomikroskop og eit undervassvideokamera for fleire ekspedisjonsopplevingar, i tillegg til eit helikopterdekk.

Fartøyet har høgaste komfortklasse for passasjerane for å sikre eit roleg og fredeleg miljø om bord. Dei 69 romslege gjestelugarane og suitene femner også om tolv lugarar for enkeltreisande. Spa- og treningsområda inkluderer behandlingsrom, badstuer, treningsrom, avslapningsområde og yogarom, og to boblebad med glasveggar ut i sjøen for å kunne slappe av i nær kontakt med naturen. Mattilboda omfattar ein hovudrestaurant med eineståande utsikt, grill- og bistroområde.

- Ekspedisjonscruisa våre, som vert gjennomført gjennom alliansen vi har med Lindblad Expeditions, har gitt gjestane våre eventyrlege opplevingar gjennom 13 år, seier Nancy Schumacher, leiar for Travel and Tour Operations i National Geographic. – Utvidinga av Lindblad-National Geographic sin flåte er ei fantastisk nyheit, det gir oss høve til å tilby desse ugløymelege turane til endå fleire reisande i framtida.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne leiteverktøy.

ULSTEIN har om lag 600 tilsette og har hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. I 2017 feirar selskapet sitt 100-årsjubileum. Gjennom eit hundreår har dei skapt morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar saman med sine partnarar. Ulstein Verft har til saman bygd over 300 skip, meir enn 100 skip frå Ulstein Group er levert med X-BOW®.

National Geographic Partners LLC (NGP) er eit samarbeid (joint venture) mellom National Geographic og 21st Century Fox. Dei har som målsetting å tilby vitskap, forsking, eventyr og utforsking på tvers av sine mediekanalar, som kvar månad når meir enn 760 millionar menneske i 172 land. NGP yter 27 prosent av inntektene sine til nonprofitt-selskapet National Geographic Society for å finansiere arbeid innan vitskap, utforsking, naturvern og utdanning


Illustrasjon: Ulstein Group
 

Refvik

Administrator
Staff member
Designet er en variant av ULSTEIN CX 104, og den får bygge nr. 312 ved verftet
 

HSNC

Member
Ekspedisjonsskip med X-Bow-design:

Ulstein med ny kontrakt på ekspedisjonsskip

Har inngått ny kontrakt med Lindblad Expeditions på bygging av eit ekspedisjonsskip for levering i 2020.

Ifølgje ei pressemelding frå reiarlaget dreier det seg om eit skip med X-Bow-design – med opsjon på ytterlegare to fartøy. Skipa blir utstyrt for å segle i polare strøk. Samme meldinga blei kort tid etterpå lagt ut på Ulstein Group sine heimesider.

– Vi set pris på å bli valt som partnar for dette spennande prosjektet. Lindblad er eit nyskapande selskap og i fremste rekke innan ekspedisjonscruise. Vi ser fram til å realisere prosjektet saman med Lindblad og deira samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group i ei pressemelding som blei sendt ut då seansen starta.

- No kan vi endeleg senke skuldrane
Tillitsvald og verftsveteran Jon Hatløy seier seg ekstremt glad for den innovative skipskontrakten som no er hala i land.

- No senkar vi skuldrane inn i julestria og åra som kjem, seier han til Sunnmørsposten.

Administrerande direktør Kristian Sætre seier at det har vore svært vanskeleg å halde på løyndomen om kontrakten. Han ser det som eit definitivt gjennombrot i ein helt ny spanande markand.

Del av National Geographic-flåte

Lindblad Expeditions Holdings er eit selskap som mellom anna tilbyr ekspedisjonsreiser i samarbeid med National Geographic. Skipet som blir bygd ved Ulstein verft, blir det siste tilskotet til Lindblad-National Geographic-flåten.
I meldinga går det ikkje fram kor store skipa er, men dei skal vere utstyrt med 69 romslege suiter og mellom anna ha spa, yogarom, restaurant og utandørs bistro og grillområde.

– Dette vert eit toppmoderne fartøy, og vi er veldig glade for å jobbe i lag med Ulstein og deira team av dyktige ingeniørar og designarar når vi no utvidar flåten vår. Det nye skipet blir sentralt for vår langsiktige vekst, og vil bli verdas mest ekstraordinære ekspedisjonsskip innan ei rekke område, seier Sven Lindblad, som er konsernsjef i Lindblad.

Kilde: smp.no

 
Last edited by a moderator:

Refvik

Administrator
Staff member
Første milepæl for ulsteindesigna ekspedisjonscruiseskip

Brennestarten til det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic vart gjennomført om føremiddagen fredag 5. januar 2018. Skipet, som har byggenummer 312 ved Ulstein Verft, skal vere klart til sine første ekspedisjonsturar i 2020.

Kutting av det første stålet markerer produksjonsstarten for eit nytt skipsbyggeprosjekt. Observatørar ved brennestarten var Janusz Stechly i DNV-GL og verftsrepresentantane Ole Osnes Gjerde og Marek Lewczuk.

Ekspedisjonscruiseskipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS, og det er lagt vekt på sikkerheit og komfort. Ustein sin patenterte skipsbaug, X-BOW®, syter for betre komfort for passasjerane i røff sjø. Skipet har store tankar for drivstoff og drikkevatn som gjer at det kan gjennomføre lengre operasjonar i fjerntliggande område.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen.

Kilde: Ulstein Group


Foto: Ukjent via Ulstein Group
 

Refvik

Administrator
Staff member
Looks like entire hull, extract from Poland@Sea:

"...The partly outfitted vessel will be delivered from Crist SA yard to Ulstein Verft. The superstructure, manufactured in another Baltic shipyard will be installed at Crist shipyard in Gdynia"
 

Refvik

Administrator
Staff member
Ny långivergaranti to Lindblad Expeditions
Publisert: 26.02.2018

Det amerikanske ekspedisjonscruise- og opplevelsesreiseselskapet Lindblad Expedition Holdings Inc. har fått finansiering fra Eksportkreditt Norge og GIEK for et nytt polarekspedisjonsskip fra Ulstein Verft i Norge.

Lindblad er en etablert global markedsleder innen autentiske ekspedisjonscruise, bl.a. i polare områder. Selskapet tilbyr opplevelsesreiser med fokus på ekstraordinært innhold i nært samarbeid med National Geographic og, gjennom sitt datterselskap Natural Habitat, med World Wildlife Fund. Selskapet opererer i dag tolv ekspedisjonsskip, hvorav de selv eier syv, i tillegg til to skip under bygging. Lindblad er notert på NASDAQ børsen i USA. Dette er den første garantien GIEK har utstedt til Lindblad.

Det nye høyteknologiske polarskipet er basert på Ulsteins X-BOW CX104v-design, som er drivstoffeffektivt samtidig som det gir forbedret gjestekomfort i urolig sjø. Skipet blir bygget i henhold til høy isklasse for å kunne komme dypt inn i polarregionene. Fokus har vært på sikkerhet og komfort, samtidig som innovative og bærekraftige løsninger har blitt implementert for å redusere det miljømessige fotavtrykket. Skipet vil bli utstyrt med 69 romslige gjestekabiner og suiter, samt inkludere 12 kabiner for enslige reisende. Et SPA- og fitnessområde vil inkludere behandlingsrom, badstuer, et treningsrom, et avslapningsområde og yoga-rom. Det vil også være utstyrt to «infinity»-boblebad. Spisetilbudet inkluderer en hovedrestaurant med flott utsikt til omgivelsene og et utendørs grill- og bistroområde.

Garantien fra GIEK er en långivergaranti pålydende USD 75m og dekker et lån fra Eksportkreditt Norge til amerikanske Lindblad Expeditions Holding, Inc («Lindblad»).

Citibank i London er agent og deltar også i finansieringen.

Skipet har forventet levering fra Ulstein Verft i januar 2020.

Kilde: GIEK – Garantiinstituttet for eksportkreditt
 

Refvik

Administrator
Staff member
The World’s Most Advanced Polar Expedition Ship
National Geographic Endurance

We are thrilled to announce the name of our new polar ship: National Geographic Endurance. due for delivery in the first quarter of 2020. The first new polar build in our history, National Geographic Endurance, is a polar class 5 ship, capable of safely exploring new regions and latitudes. She is named in honor of Ernest Shackleton, Lindblad Expeditions’ most revered explorer, and will incorporate technical advances and create opportunities for guests beyond the reach of any contemporary ship.

On Saturday March 17, 2018 we celebrated the first major milestone in her construction, the keel-laying, at the shipyard. For more news on this, and all the other fascinating aspects of building a 21st century expedition ship—stay tuned.

Kilde: Lindblad Expeditions - National Geographic


Illustrasjon: Ulstein Group
 

Refvik

Administrator
Staff member
...I avtalen ligg også opsjonar på ytterlegare to skip
Er en av desse to opsjonane som nå er erklært?

Lindblad to Order New Polar Expedition Cruise Ship

US-based cruise company Lindblad Expeditions Holdings has revealed its plans to place an order for a new polar expedition ship.

The vessel, which is scheduled to be delivered in 2021, will be the fourth polar vessel in the Lindblad Expeditions-National Geographic fleet.

It will join the company’s National Geographic Explorer and the National Geographic Orion, currently in operation, and the National Geographic Endurance, which is scheduled for delivery in early 2020.

“We are extremely excited to announce the further expansion of our expedition fleet. This is the next step of our long-term growth strategy to capitalize on the expanding demand for high quality adventure travel,” Sven-Olof Lindblad, President and Chief Executive Officer, said.

The newbuilding would represent the next phase of Lindblad’s fleet expansion following the launch of the National Geographic Quest in July 2017, the addition of the National Geographic Venture in December 2018 and the delivery of the National Geographic Endurance.

Kilde: World Maritime News
 

Refvik

Administrator
Staff member
Første opsjon må visstnok leverast innen et år etter første skip er levert, mens andre opsjon må leverast innen et år etter at andre skip er levert
 

rd77

Active Member
I don't think so. Linblad's board gave approval to order the ship, so we might have to wait a little for the order to be actually confirmed by both parties...
 

Refvik

Administrator
Staff member
Lindblad bestiller nytt cruiseskip frå Ulstein

Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad sin polarflåte aukar då til fire. Fartøyet blir bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik, og er planlagt levert i tredje kvartal 2021. Polarskipet er systerskip til ‘National Geographic Endurance’, som er under bygging

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er ein verdsleiande leverandør av ekspedisjonscruise og opplevingsreiser. Reiarlaget har frå før ein skipsbyggingskontrakt på plass ved Ulstein Verft. Skip nummer éin, ‘National Geographic Endurance’ skal leverast i første kvartal 2020.

- Vi er svært nøgde med at Lindblad, ein verdsleiande aktør innan ekspedisjonscruise, igjen har valt Ulstein som designar og byggjar av det nye ekspedisjonscruiseskipet deira. Dette er ei tillitserklæring til alle våre tilsette, seier Ulstein sin konsernsjef, Gunvor Ulstein. Ho held fram: - Lindblad er ein kompetent og erfaren kunde, og vi ser fram til eit fortsatt godt og konstruktivt samarbeid med dei.

Polarskipet er systerskip til ‘National Geographic Endurance’, og har den høgaste isklassa (PC5 Category A) som har blitt tatt I bruk for spesialbygde passasjerfartøy, Det er utstyrt med Ulstein sin X-BOW®, som gir ei jamn og komfortabel reise sjølv ved høg sjø i mot, noko som også fører til auka drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp.

- Det er svært spennande å kunngjere neste fase i vekststrategien vår, seier Sven Lindblad, som er president og konsernsjef i Lindblad, og held fram: - ‘National Geographic Endurance’ byr på heilt unike reiseruter som følgje av eigenskapane til skipet. Fartøyet har blitt møtt med stor spenning både frå passasjerar som har reist med oss før, og frå dei som er nye for Lindblad-National Geographic, og vi er sikre på at systerskipet hennar vil bli møtt med den same entusiasmen i marknaden. Desse to skipa representerer eit heilt nytt nivå på yteevna innan ekspedisjonscruise, både når det gjeld komfort for passasjerane, når det gjeld kva regionar og ruter dei er i stand til å trafikkere, og evna til å kunne fungere som vitskapsplattformer i nokre av dei fjernaste og mest urørte delane av verda.

Som systerskipet vil det nye skipet ha plass til 126 passasjerar i 69 romslege lugarar og suiter, og er designa for at gjestane skal kunne ha nær kontakt med naturmiljøet og vere ei ultimat plattform for utforsking. 75 prosent av lugarane har balkongar der ein kan nyte utsikta, der er fleire observasjonsdekk både inne og ute, og observasjonsvingar, noko som gjer at det omliggande miljøet til ei kvar tid vil vere tilgjengeleg. Ekspedisjonar ut frå skipet er forenkla gjennom eit innovativt festesystem for gummibåtar, noko som gir rask og trygg tilgang til ein kvar destinasjon. Skipet har eit breitt utval av ekspedisjonsmateriell, til dømes kajakkar, langrennsski, ein fjernstyrt miniubåt, undervassmikrofonar, eit videomikroskop, undervassvideokamera med meir.

-Vi er begeistra over å annonsere bygginga av dette spennande nye skipet, seier Nancy Schumacher, viseadministrerande direktør innan reiseaktivitetar i National Geographic Partners. - Dette er eit nytt eksempel på suksessen og den pågåande ekspansjonen i partnarskapen mellom National Geographic og Lindblad.

Om Lindblad Expeditions Holdings, Inc.
Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne ekspedisjonsmateriell.

Om Ulstein Group
ULSTEIN har om lag 600 tilsette og har hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. I 2017 feira selskapet sitt 100-årsjubileum. Gjennom eit hundreår har dei skapt morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar saman med sine partnarar. Ulstein Verft har til saman bygd over 300 skip, meir enn 100 skip frå Ulstein Group er levert med X-BOW®.

Om National Geographic Partners LLC
National Geographic Partners LLC (NGP) er eit samarbeid (joint venture) mellom National Geographic og 21st Century Fox. Dei har som målsetting å tilby vitskap, forsking, eventyr og utforsking på tvers av sine mediekanalar, som kvar månad når meir enn 760 millionar menneske i 172 land. NGP yter 27 prosent av inntektene sine til nonprofitt-selskapet National Geographic Society for å finansiere arbeid innan vitskap, utforsking, naturvern og utdanning.

Kilde: Ulstein Group
 
Top