Havila Kystruten, Bygg nr. 1093, 1094, 1193 og 1194 ved Tersan Shipyard, Havyard 923 "Havila Capella/Castor/Polaris/Pollux"

Refvik

Administrator
Staff member
Utdrag fra artikkel i link i forrige post:

Dette vert det no ikkje noko av etter det spanske marerittet for Havila Kystruten.

- Vi ser etter erstatningsskip.

- Desse skipa kan verte leigde inn for nokre månader og heilt opp i eitt år, alt etter kva som vert løysinga, seier PerSævik.

Han vil ikkje opplyse kva for verft som er kontakta, men NETT NO kjenner til at det har vore kontakt mellom Havila Kystruten og det spanske verftet Metalships, som også ligg i Vigo.

I tillegg har det vore kontakt med tyrkiske Tersan, som byggjer dei to andre skipa for Havila Kystruten.

Truleg er det Fosen Yards som er mest aktuelt om det vert bestemt å gjere ferdig skipa i Norge, men også Kleven Verft kan vere eit alternativ, eventuelt i samarbeid med Fosen.

Begge dei norske verfta har erfaring med denne typen skip, men ved Kleven ventar ein no på ei avklaring av eigarskapen av verftet.

Sævik seier at i verste fall kan det verte aktuelt å starte arbeidet på nytt med dei to Barreras-skipa.

- Ja, det er eit alternativ
 

Refvik

Administrator
Staff member
Forstår det slik at det er ca. 1000 tonn med stål som er bygd på begge to, side om side på beddinga.

Man må kanskje til med dobbelte før det er nok til at dei evt. kan flyte - derav må man begynne heilt på nytt om man går til et av dei tre-fire verfta som det forhandles med

Og det er ikkje bare pge vektproblemer at man vil forlenga skip, men også for at verftet da skaffer seg meir tid til å få tak i penger siden en forlengelse vil føre til endra leveringsdato .Penger som er innbetalt allerede, er visstnok brukt opp på "Evrima"
 

Refvik

Administrator
Staff member
Fra bygginga av "Havila Capella" og "Havila Castor" ved Tersan Shipyard, sidepropeller med permanent magnet teknologi fra Kongsberg installert



Begge foto: via Havila Kystruten
 

Refvik

Administrator
Staff member
Bestiller to nye kystruteskip ved Tersan

Havila Kystruten har inngått kontrakt med det tyrkiske verftet Tersan om bygging av dei to siste kystruteskipa. Byggestart er i løpet av få veker.

Havila Kystruten skal frå 2021 segle den klassiske sjøreisa mellom Bergen og Kirkenes med fire skip. På grunn av økonomiske problem ved det spanske verftet Barreras stoppa bygginga av dei to skipa der opp. Dei to andre skipa er under bygging ved Tersan i Tyrkia, og det er også det verftet som no får kontrakt på å bygge skip tre og fire. Byggestart er i løpet av få veker og planlagt levering er i slutten av 2021.

God kvalitet
Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, fortel at Tersan har kapasitet til å starte raskt i tillegg til at dei har alt av underlagsmateriell og erfaring med dei to første skipa.

- Og det vi ser på Tersan når det gjeld bygging av dei to første skipa ser veldig bra ut. Dei held framdriftsplanen og kvaliteten på arbeidet er godt.
Myrvoll peiker også på at Havila Kystruten og Tersan no går opp løypa og gjer alle avklaringar i samband med dei to første skipa.

- Det har fleire fordelar og gir oss sikkerheit for at skip tre og fire blir minst like bra som dei to første.

Finansiering på plass
Havila Kystruten har trass i den uavklarte situasjonen med det spanske verftet Barreras kapital og lånetilsagn som gjer at alle dei fire skipa på Tersan er fullfinansierte.

Myrvoll seier dei økonomiske problema til Barreras og byggestansen ved det spanske verftet har påført Havila Kystruten fleire utfordringar som vil påvirke drifta i første fase.

- Vi får ferdige to nye skip som skal gå frå januar 2021 og som vil gi passasjerane våre den mest miljøvenlege seglasen langs norskekysten. I påvente av dei to neste skipa vil vi måtte bruke erstatningsfartøy, men uansett skip skal vi gi god og trygg transport og innfri det som er forventa av oss.

Dei beste løysingane
Havila Kystruten har fleire konkrete kandidatar til erstatningsfartøy som dei har inspisert, og rederiet er i pågåande kommersielle samtalar med aktørar.

- Vi ventar at ei avklaring kjem om ikkje så lenge, men vi vil bruke den tid som er nødvendig, for å sikre at vi kan levere dei beste løysingane til både dei reisande og mannskapet. Det er viktig og noko vi legg vekt på sjølv om erstatningsfartøya skal brukast berre for ein avgrensa periode.
Havila Kystruten bygger organisasjonen både på sjø og land, for å drive fire skip frå starten av 2021, og fleire nye stillingar er no utlyste.

FAKTA
  • Havila Kystruten er eit familieeigd, norsk reiarlag med hovudbase i Fosnavåg på Sunnmøre.
  • Havila Kystruten skal frå 2021 drifte fire av dei elleve skipa som seglar den klassiske sjøreisa frå Bergen til Kirkenes.
  • Havila Kystruten bygger dei meste miljøvenlege passasjerskipa som skal segle på strekninga Bergen-Kirkenes. Skipa har mellom anna verdas største batteripakkar som gjer at dei kan gå i fire timar utan støy og utslepp.




Illustrasjoner: Havyard Ship Design
 
Top